Biblioteka i Sunnfjord kommune har fått ny felles heimeside!

Vi er glade for endeleg å presentere alle dei spennande bibliotektenestene vi kan tilby innbyggjarane i Sunnfjord kommune samla på ein nettstad!

Etter kommunesamanslåinga i 2020 vart 6 bibliotek samla til eitt bibliotek. Her finn du bøker, opningstider og kontaktinfo til alle tilsette og alt det vi har å tilby i biblioteket på Viksdalen, Vassenden, Skei, Sande, Naustdal og Førde. På den nye sida ligg all informasjon du treng om lån og lånekort, nyttig informasjon om formidling og lenker til digitale tenester. Mi side fungerer som normalt og tek deg rett over til di eiga side i biblioteksystemet Bibliofil. Her kan du administrere alt du og din familie lånar på biblioteket.

Nettstaden skal vere ei side for nyhende, tenester og formidling og vi håpar sida vil være lett å bruke og god å navigere i.

Vi er særskilt nøgd med å presentere den nye digitale filmtenesta til biblioteket – Filmoteket. No kan du bruke bibliotekkortet ditt til å låne spelefilmar frå biblioteka si eiga filmstrøymeteneste, Filmoteket. Her kan du velje blant norske, nordiske, europeiske og internasjonale titlar for alle. Du finn klassikarar, filmatiserte bøker, store Oscar-vinnarar og såkalla Blockbuster-filmar, til smalare filmar. I tillegg finn du digitale bibliotektenester som gjev deg tilgang til e-bøker, digitale aviser, tidsskrift, strøymeteneste for klassisk musikk og ikkje minst ei samla oversikt over arrangement i biblioteka våre.

Vi gler oss over å ta den nye nettstaden i bruk og håpar at du er nøgd med den nye sida vår! Velkommen!

Translate »

Ved å halde fram med å bruke denne nettstaden, gir du samtykke til vår bruk av informasjonskapslar (cookies). Meir informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close