På Førde bibliotek har vi ofte utstiling av bilete/måleri frå lokale kunstnarar. Bileta heng på veggen bak skranken og er til stor glede for både besøkande og oss tilsette. Framover mot sommaren kan du no sjå 3 flotte kunstverk av biletkunstnar Inghild Sleire, frå serien “Ord og arv”. Teknikken er monotypi på papir med handskrift. Tekstane i bileta er henta frå Ivar Aasen sine mange verk. Dei er meint som dekor, meir enn som lesnad, men er alle tufta på den språklege arven som vi ber med oss.

Inghild Sleire har ein variert kunstbakgrunn, men har dei siste åra jobba mykje med grafikk. Saman med kunstgruppa MIM har ho også jobba med land art. Inghild har hatt mange separatutstillingar og gruppe-/kollektivutstillingar.

Translate »

Ved å halde fram med å bruke denne nettstaden, gir du samtykke til vår bruk av informasjonskapslar (cookies). Meir informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close