Vinterlesbingo er over for denne gang, men vi fekk inn mange gode lesetips! Vi spurde lesarane om kva bok dei likte best, og kvifor. Her er nokre av bøkene som var lesarane sine favorittar: 

Noe tapt og noe vunnet av Tara Westover
Basert på sann historie og skildrar godt kor lojale born er overfor sine foreldre, og kor styrande religionen kan vere for livsførselen til ein del folk.

Kunsten å følge hjertet av Jan Philip Sendker
Bøkene til Sendker er frå stader i verda eg ikkje har besøkt litterært tidlegare. Dei er djupe og rørande. Slike bøker blir verande i tankane lenge etter at dei er lese.

Krestiane Kristiania av Torill Thorstad Hauger
Ei levande skildring av kvardagslivet til arbeidsfolk og kvinner i Kristiania på byrjinga av 1900-talet. Veldig bra!

Shuggie Bain av Douglas Stuart
Velskriven bok. Det var mykje sørgjeleg som skjedde, men likevel skildra på ein slik måte at ein også kunne trekkje på smilebandet i blant.

Tung tids tale av Olaug Nilssen
Sterk skildring av livet til eit alvorleg sjukt barn.

Avskjedstaler gjennom tidene av Bjørn Olaf Johannessen
Eit nytt og overraskande møte med ein visuell forteljarstil

The Giver of stars av Jojo Moyes (Norsk tittel: Over horisonten)
Høg feelgood-faktor!

Hør her’a av Gulraiz Sharif
Stor positiv overrasking med friskt språk og artig perspektiv på Noreg med onkelen frå Pakistan

Store bryster og brede hofter av Mo Yan
Boka er godt skrive. Lærerik. Ga innsyn i ikkje-vestleg kultur som var utruleg spennande å lese om. Skildring av grusomme hendingar som ga frysningar. Bør lesast og diskuterast!

Nazibruden av Anna Lena J. Larsson
Alvorleg og aktuelt tema, skildra frå innsida av miljøet. Viser at ein kan kome ut av det med hjelp og støtte frå andre. Lettlesen.

Gul bok av Zeshan Shakar
God skildring av å leve i to kulturar. Forfattaren opnar eit vindauge slik at lesaren får eit innblikk i hans kultur, og gjennom det, ei forståing av utfordringane med å bli ein del av den norske kulturen.

Per dør av Per Fugelli
Fugelli var ein mann som bydde på seg sjølv. Mykje kunnskap om det meste. Filosofisk, grublande, gode og dårlege dagar. Bok til ettertanke.

The ride of a lifetime av Robert Iger
Erindringsbok av konsernsjefen i Walt Disney Company. Boka handlar om hans veg mot toppen, hans nysgjerrighet, omtanke og respekt for folk han har møtt langs vegen. Inspirerande bok om leiing frå ein som har jobba hardt for å kome dit han er i dag.

Dette er også Noreg av Jens Kihl
Kommunal feelgood. Interessant og morsom å lese. Der var også eit par setningar om Førde her, det må vere trykkfeil eller skrive på ein dårleg dagJ Elles ei veldig kjekk bok å lese.

Eg er ein annan av Jon Fosse (lydbok)
Anders Eide som les Jon Fosse er ein ultimat kombo!

De venstrehendtes foreining av Håkan Nesser
Suveren intrige og språk.

Konene ved vannposten av Knut Hamsun
Språk. Satire. Tidsånd!

Verden på vippepunktet av Dag O. Hessen
Ei viktig og opplysande bok. Stoda til verda vår er alvorleg, men Hessen trur at med sterk nok vilje og handling så kan vi enno unngå dei verste fylgjene.

Og bakom synger skogene (trilogien) av Trygve Gulbrandsen
Historisk bok skriven først på 1930-talet. Likevel aktuell i dag. Vi møter kjærleiken til naturen, ulike
livsvilkår, penge- og maktbegjær. Menneske med stoltheit, men og med omsorg for kvarandre. Det er dramatikk, realisme, men først og fremst kjærleik mellom menneske.

Translate »

Ved å halde fram med å bruke denne nettstaden, gir du samtykke til vår bruk av informasjonskapslar (cookies). Meir informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close