Det vert Digital festival (tidlegare Seniorsurf) på Førdehuset torsdag 23. september.
Kanskje likar du hjernetrim eller strategi? Føretrekk du fart og spenning, eller kan hende vil du bygge di eiga verd? Ein kan spele for seg sjølv, saman med andre, både ute og inne. Det vert interessante føredrag og ein får sjanse til prøve ut spel på ulike spelplatformar.

Føredrag kl. 11-13

  • Spel for seniorar v/Joop Cuppen frå Senionett Norge
  • Pausestrekk med Camilla Søvig
  • Seniornett Førde og haustprogram v/Egil Nestande
  • Deltakar i Seniornett og datastover v/Bjørg Ladehaug
  • Sprek med spel – Pokémon GO v/Ingunn Fleten

Føredraget vert i Storsalen. Det er gratis å delta. Du treng ikkje å melde deg på.

Utprøving av spel kl. 13-15

Etter føredraga er det ope for utprøving av spel og ulike spelplattformer i Utstillingssalen.

Arrangørar: Seniornett Førde, Førde bibliotek, Sunnfjord friskliv og frivilligsenter

Translate »

Ved å halde fram med å bruke denne nettstaden, gir du samtykke til vår bruk av informasjonskapslar (cookies). Meir informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close