Med “Blått svev” inviterer Hildegun Riise og med-musikarane til ein poesikonsert der ho les dikt av Jon Fosse, til nykomponert, improvisert og tradisjonell folkemusikk av Benedicte Maurseth og Sigbjørn Apeland. Utgangspunktet for konserten er albumet med same namn som kom ut på Grappa Musikkforlag i 2019 i samband med at Jon Fosse fylte 60 år.

Jon Fosse skriv om fjorden, døden og kjærleiken. Den kvardagslege verda som blir dikta fram, er det berre Fosse, med sin særeigne signatur som kan skapa. For over den finst ein stor himmel, og i alt han skriv, er det sterke band til det vestlandske. Likevel ber litteraturen hans i seg ei menneskeleg sanning som viser seg å vera gyldig i store delar av verda.

Poesikonserten er i samarbeid med Rom for ord, Sunnfjord kunstlag og Førde bibliotek.

Billett kr. 50,- Førdehuset.no
Translate »

Ved å halde fram med å bruke denne nettstaden, gir du samtykke til vår bruk av informasjonskapslar (cookies). Meir informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close