Fredag 1. oktober kjem det flytande litteraturhuset Epos tilbake til Vevring! Det vert mogeleg å låne bøker, lesestund ved Ingunn Fleten og JUBELBLUES – familiekonsert med Good Time Charlie!

Etter nedlegging av bokbåten i 2020 har 28 kommunar gått saman om å gi Epos ny vind mot hamner i grender og bygdelag langs vestlandskysten. Det flytande litteraturhuset kjem til lesarane der dei bur. Ikkje berre med bøker, men med eit rikhaldig litterært kulturprogram eit litteraturhus verdig.

Kl. 12.00: Lesestund ved Ingunn Fleten, barnebibliotekar ved Biblioteka i Sunnfjord.
Kl. 12-15: Open båt med utlån av bøker.
Kl. 18.00: Jubelblues – familiekonsert med Good Time Charlie.

Konserten er gratis. Påmelding til bibliotek@sunnfjord.kommune.no.

Velkomen til det flytande litteraturhuset!
Translate »

Ved å halde fram med å bruke denne nettstaden, gir du samtykke til vår bruk av informasjonskapslar (cookies). Meir informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close