Fram til jul vert Førde bibliotek stengt onsdagar. Biblioteka i Sunnfjord skal spare kostnader og samstundes utvikle biblioteka for framtida. Vi tilsette skal arbeide fram nytt kombinasjonsbibliotek på Skei og Sande, ha ein gjennomgang av tenestetilbodet til Førde bibliotek og gjennomføre meirope løysingar for både Førde og Naustdal bibliotek. Dette vert krevjande, og vi lyt difor halde stengt for publikum 1 dag i veka for ein kort periode. Biblioteka går spennande tider i møte, og vi håpar å finne gode, nye løysingar for deg som bibliotekbrukar!

Kontakt oss på e-post, bibliotek@sunnfjord.kommune.no dersom du har spørsmål.

Opningstidene våre er som følgjer:
Måndag 10-19
Tysdag 10-19
Onsdag – stengt
Torsdag 10-19
Fredag 10-17
Laurdag 10-15

Vil du lese meir om det politiske vedtaket om bibliotekdrifta i Sunnfjord kommune:
KST-124/20 Vedtak: For å oppnå vedtatt innsparingskrav vedtek kommunestyret slik omlegging av bibliotekdrifta i Sunnfjord kommune, i samsvar med saksutgreiing datert 22.11.2020:

Tiltak 1 – Skei bibliotek
Opprette kombinasjonsbibliotek med skule
Tiltak 3 – Sande bibliotek
Kombinere folkebibliotek, skulebibliotek og tenestetorg
Tiltak 4 – Førde bibliotek
Kutte betjent opningstid, men behalde bemanning på kveldstid minst ein dag i veka.
Innføre meirope-løysing
Tiltak 5 – Naustdal bibliotek
Kutte betjent opningstid, men behalde bemanning på laurdagar
Innføre meirope-løysing

Lenke til saka.

 

 

 

 

Translate »

Ved å halde fram med å bruke denne nettstaden, gir du samtykke til vår bruk av informasjonskapslar (cookies). Meir informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close