I morgon vert det krimkveld på Førde bibliotek. Møt Ingebjørg Berg Holm og Chris Tvedt i samtale om røynda i kriminallitteraturen! Romanar som tek utgangspunkt i  forfattarane sine eigne erfaringar gjer at det stadig er liv i debatten om “virkelighetslitteraturen”. Under koronapandemien har vi fått diktbøker, antologiar og romanar som handlar om livet i «unntakstilstand». I samtalen vil Berg Holm og Tvedt diskutere korleis krimlitteraturen tek stilling til verkelege hendingar. Ikkje berre hendingar som får store samfunnsmessige konsekvensar, men og hendingar eller erfaringer av meir personleg karakter. Let forfattarane seg inspirere av verkelege situasjoner, hendingar, relasjonar og situasjonar? Og, er det tema ein ikkje kan skrive om? Kva etiske og moralske utfordringar står krimforfattere overfor, og kva omsyn må ein ta når ein skriv tett på det verkelege livet?

Gratis inngang!

Ingebjørg Berg Holm er aktuell med den psykologiske thrilleren Rasende binne (2021) og har tidligare gjeve ut to romaner til strålande kritikk.. Berg Holm vant Maurits Hansen-prisen for sin kritikarroste debutroman, Stjerner over, mørke under(2015)

Chris Tvedt har gjeve ut ei rekke bøker, både for ungdom og vaksne, mellom anna med advokaten Mikael Brenne som detektiv. I 2010 fekk Tvedt Rivertonprisen for Dødens sirkel. Chris Tvedt kjem med ny krim, Djevelen i detaljene, 1. november i år.

Arrangementene er et samarbeid med Norsk forfattersentrum, Vestlandet og Gulen folkebibliotek, filial Byrknes, og støttes av Vestland Fylkeskommune og Fritt Ord.

Foto av Ingebjørg Berg Holm og Chris Tvedt

Foto: Helge Skodvin av Ingebjørg Berg Holm Foto: Odd Nerbø av Chris Tvedt

Ved å halde fram med å bruke denne nettstaden, gir du samtykke til vår bruk av informasjonskapslar (cookies). Meir informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close