I denne artikkelen vil du få eit lite innblikk i kva vi har sysla med når det har vore onsdagsstengd for brukarane våre. God lesing!

Ny bibliotekstruktur i Sunnfjord

Bakgrunnen for stenginga  er den nye strukturendringa vi er pålagde å gjere etter kommunestyrevedtaket i desember i fjor. Som eit innsparingstiltak skal vi legge om bibliotekstrukturen i kommunen slik at Skei og Sande blir kombinasjonsbibliotek og Naustdal og Førde blir meirope-bibliotek. Les meir om bakgrunnen her. 

Bibliotekarar i planleggingsmodus
Vi har og søkt eksterne prosjektmidlar for å kunne hente inn profesjonell hjelp i denne prosessen. Til prosjektet i Førde har vi fått støtte frå Bibliotekutvikling Vestland og Nasjonalbiblioteket. I tillegg har vi fått midlar frå Nasjonalbiblioteket til å fristille personale til formidling ved Førde bibliotek (i 2021) og Sande bibliotek (i 2022). Redusert bemanning og utfordringane som følgjer med pandemien har gjort dette til eit særs krevjande år for oss.
For å sikre framdrift i desse fire store prosjekta, har vi i haust innført faste planleggingsmøter måndag og onsdag. I eit stengt bibliotek har vi kunne tatt fram målestokken og teiknesaker. Vi har skissert, summert og fintelt på samlinga vår. Vi har sett på ommøblering og flytting og vurdert kva vi må redusere og kva vi må supplere.

I november fekk vi besøk av interiørarkitekt Mette Heimtun, som kom med supre forslag til nye soner og fargebruk. Vi har lært om siktlinjer, fokuspunkt, ulike soner, samt korleis vi kan lage «stiar»  for gjestane våre.

Studietur
Vi har og henta inspirasjon frå andre bibliotek. I slutten av november reiste vi på studietur til Bergen og Alver kommune. Vi besøkte Åsane bibliotek, Knarvik bibliotek, Fana bibliotek, Sletten Biblab og Laksevåg – som heilt fortent, er nominert til Årets bibliotek.

Brukarane i fokus
Målet vårt er å gjere det enklare og hyggelegare for våre besøkande, noko som vil vere særs viktig framover då biblioteket no etter kvart vil bli meir ubetjent enn betjent på kveld og ettermiddag.

For å få til dette, må vi sette brukaren i fokus. Vi må sette oss inn i korleis det er for brukaren å besøke oss. Her fekk vi hjelp av tenestedesigner Katrine Svela frå Biblioteksentralen. 1.desember heldt ho kurs for oss i Tjenestedesign med vekt på meirope bibliotek. Vi lærte oss nye teknikkar for å evaluere og utvikle eigne tenester. Det var nokre intensive, men svært tankevekkande timar der det myldra med idear, forslag, latter og hundrevis av post-it lappar.

Nytt hovudbibliotek?
Vi har og hatt stor glede, og nytte, av å følge arbeidet med Moglegheitsstudien til Førdehuset. ARKI har lagt fram nokre særs spennande og flotte teikningar for eit moderne hovudbibliotek   i eit framtidig Førdehus. Vi vonar inderleg at dette er planar som vil bli realisert. Inntil vidare tek vi med oss desse forslaga inn i arbeidet med å tilrettelegge for meirope bibliotek.


Vegen vidare
I heile denne perioden har også prosjektgruppa innhenta erfaringar og tilbod frå andre bibliotek og leverandørar, så no har vi eit godt fagleg grunnlag for å gå vidare med å utvikle biblioteka våre. 2022 vil bli eit spennande år for Biblioteka i Sunnfjord. Inntil det økonomiske er avklart, kan vi ikkje seie noko meir om framdrift og dato for ferdigstilling. Men vi kan i alle fall love at vi skal gjere vårt aller beste for å sikre gode bibliotektenester for alle i heile kommunen.

Ved å halde fram med å bruke denne nettstaden, gir du samtykke til vår bruk av informasjonskapslar (cookies). Meir informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close