Har du nokre ukrainske bøker? Du kan no donere dei til Nasjonalbiblioteket slik at dei kan bli lest landet over.
Nasjonalbibliotekets teneste Det flerspråklege bibliotek (DFB) tilbyr nokre bøker på ukrainsk. Denne samlinga er pr. dags dato avgrensa til 350 titler. Nasjonalbiblioteket set no i gong eit arbeid for å utvide dette tilbodet så mykje som mogeleg.
Dette gjerast på to måtar: Den eine er å prøve å kjøpe litteratur frå Ukraina, noko som er litt vanskeleg for tida.
Den andre er å få i gong ein dugnad der folk som har bøker på ukrainsk kan donere dei til DFB. Du kan levere dine bøker på næraste folkebibliotek, slik at vi kan sende bøkene vidare til DFB.
Du kan levere bøkene i skrankene hjå alle bibliotek i Sunnfjord. Tusen takk!