Strøymetenesta Filmoteket er utvikla og vert drifta av Norgesfilm AS, og vert levert og vidareutvikla i samarbeid med biblioteka.

Du kan låne 4 filmar kvar månad. Etter du har valt filmen du ynskjer å låne, kan du sjå filmen så mange gonger du vil i løpet av 48 timar. Du kan sjå dei på alle plattformer, i alle dei kjente nettlesarane. Det er mogeleg å overføre filmane til større skjerm via AirPlay og Chromecast.

Slik får du tilgang:

  • Gå til nettsida filmoteket.no.
  • Opprett konto/logg inn med e-postadresse og passord, lånekortnummeret og pinkoden frå det nasjonale lånekortet ditt.
  • Vel eitt av våre 6 bibliotek; Førde, Naustdal, Viksdalen, Vassenden, Skei eller Sande som ditt heimebibliotek. 
  • Svar på e-posten du får tilsendt for å bekrefte kontoen din.
  • Logg deg inn med e-post adresse og passord.
  • Vel filmen du vil sjå og bekreft lån med pinkoden som er knytt til ditt lånekort.

Filmweb er ei anna strøymeteneste du får via lånerkortet ditt. På Filmbib kan du sjå kort- og dokumentarfilmar av nyare dato, men også eit utval av filmar som går tilbake i tid. Her vil du finne ei unik samling av kortfilmar for både barn og vaksne: animasjonsfilmar, eksperimentelle filmar og humoristiske korte historier. Du får òg tilgang til historisk interessante og samfunnsaktuelle dokumentarar og mykje meir.

Til saman er det rundt 400 titlar tilgjengeleg for gratis strøyming for deg som bibliotekbrukar.

Slik får du tilgang:

  • Logg inn på filmbib.no med lånekortnummeret ditt og PIN-kode.
  • Tenesta er gratis, men du må ha Nasjonalt lånekort.
  • Du kan logge inn både på PC, nettbrett eller mobil.


Ved å halde fram med å bruke denne nettstaden, gir du samtykke til vår bruk av informasjonskapslar (cookies). Meir informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close