Biblioteksjef Jorun Systad tykkjer det er utruleg kjekt at Førde bibliotek skal bli meirope bibliotek til nyttår Det betyr at du kan bruke biblioteket sine lokale både før og etter den ordinære opningstida. Du får tilgang ved å skrive ei kontrakt med biblioteket og låser deg inn med lånekortet eller ein app på mobiltelefonen din. (Bibliofil).

For at vi skal få til dette må vi gjere enkelte endringar i biblioteket:

Ny inngangsdør, nye automatar og ny skranke.
Flytting av hyller slik at det vert meir oversiktleg og lett å finne fram.
I tillegg vert det nye fargar og det vil kome nokre etterlengta nye møblar!

Prosjektet fører til at biblioteket må stenge ein periode no på seinhausten for å gjennomføre endringane. I denne perioden vert det ikkje mogeleg å besøke biblioteket eller låne bøker. 

NB! Biblioteket opnar att torsdag 12. januar!

Når vi opnar att vil du få eit bibliotek som du kan bruke både seint på kvelden, i helgar og på helgedagar. Eit bibliotek med friske fargar og nye møblar vert kjekt å besøke.

Det nye, meiropne biblioteket vil basere seg på bruk av utlåns- og innleveringsautomatar, så det er viktig å ta med lånekort eller laste ned appen Bibliofil, der du også har kortet ditt!

Ved å halde fram med å bruke denne nettstaden, gir du samtykke til vår bruk av informasjonskapslar (cookies). Meir informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close