Den internasjonale LESETIMEN blir arrangert for 2. gang ved lesekiosken vår. Denne gongen har vi invitert forfattar Arne Henning Årskaug. Det vert høgtopplesing med samtale om språk, litteratur og sunnfjord-dialekt! Arne Henning Årskaug frå Sunnfjord debuterte med prosasamlinga Utstyrtekster i 2015, og i 2022 kom oppfølgjaren Skap & Sørg. I år har Årskaug fått Bokhandelens forfatterstipend for 2023.
Lesetimen/Read Hour:
Den finske organisasjonen Barn- och ungdomsstiftelsen stod bak Read Hour i 2019. Kampanjen skulle oppmuntre alle til å lese ein time på FNs Internasjonale dag for lese- og skriveferdighet 8. september. Tiltaket spredde seg til fleire land i 2021, og i Norge gjennomfører ein no Lesetimen for andre gong i 2023.
FNs Internasjonale dag for lese- og skriveferdighet:
– Den internasjonale dagen for lese- og skriveferdigheter vart oppretta av UNESCO i 1946. Dagen skal minne verdenssamfunnet på at det å lese og skrive er ein menneskerett, saman med rett til utdanning. Dagen markerer at arbeidet med å fjerne analfabetisme er ein del av livslang læring og ein del av å bygge eit bærekraftig samfunn. Arrangementet er gratis og er støtta av #foreningen les