Foredraget er basert på bøkene som Simonnes har skrive Trump, Gud og kirken (2021) og Putins hellige krig (2023). Simonnes er tidlegare sjefredaktør i Vårt Land og er ein mykje nytta foredragshaldar i skjeringspunktet religion og politikk.
- Stadig fleire politikarar gjer seg nytte av religiøs retorikk når dei skal skaffe seg veljarar. Det gjeld ikkje berre Putin og Trump, men også fleire andre europeiske leiararar. I muslismske land har dette vore vanleg lenge, og Recip Erdogan i Tyrkia har teke dette til nye høgder, seier Helge Simonnes.
Vi er svært glade for at vi har fått Simonnes hit for snakke om eit svært aktuelt tema. Presidentvalet i USA spissar seg til, og krigen i Ukraina er snart inne i sitt tredje år. Helge Simonnes er ein dyktig foredragshaldar, og spørsmål og kommentarer frå publikum er ein viktig del av foredraget. Helge Simonnes har tidlegare hatt foredraget «Good bless Amerika» på biblioteket 2019
Foredraget er gratis!