Drøymer du om ein mathage som styrer seg sjølv og er god for både deg og naturen? Då kan det hende at du vil bli betre kjend med permakultur.
Høyr Eldrid Skudal, lokal eldsjel og medlem av Norsk Permakulturforening, forklare kva permakultur er og korleis du kan lykkast med det i din eigen hage på Sande bibliotek onsdag 27. september kl. 19:00.
Arrangementet er gratis og er eit samarbeid med Norsk Permakulturforening – du finn meir info i “Kva skjer”-fana på nettstaden vår og på Facebook-sida til Sande bibliotek.