Sommarles.no er ei lesekampanje som biblioteka arrangerer for barneskuleelevar i sommerferien. Kampanjen varer frå 1. juni til 31. august. No vil vi ynskje dykk velkommen til årets Sommarlesfestar rundt om på biblioteka i Sunnfjord!

I år får vi besøk av forfattaren Vegard Markhus. Vi vil også kåre årets Sommarlesvinnar og trekke premiar blant frammøtte.

Arrangementet er meint for dei som har vore med på Sommarles i år og evt. småsøsken. Andre kan sjølvsagt vere med på festen, men vil ikkje kunne delta på utlodninga for deltakarane.

Meld dykk på ved å sende e-post til bibliotek@sunnfjord.kommune.no.

Datoar for Sommarlesfestar i år:

Torsdag 21. sept:

  • Vassenden kl. 17-18
  • Skei kl. 19-20
Fredag 22. sept:
  • Viksdalen kl. 12-13
  • Sande kl. 17-18
  • Naustdal kl. 19-20
Laurdag 23. sept:
  • Førde kl. 12-13

Ved å halde fram med å bruke denne nettstaden, gir du samtykke til vår bruk av informasjonskapslar (cookies). Meir informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close