Biblioteka i Sunnfjord har no laga utstillingar med julebøker der du kan finne både inspirasjon til julegåver og koselege juleforteljingar. Om du ikkje har mogelegheit til å møte opp fysisk, kan du alltid ta ein titt på vår digitale bokhylle! Du kan også bla i julemagasina heimefrå ved å bruke Flipp – du finn rettleiing for tilgang her.
Føretrekk du julefilm over julebøker? Vi har eit stort utval tilgjengeleg gjennom Filmoteket og Cineast. Om du er usikker på korleis du får tilgang, kan du lese deg opp på denne sida.
Er du mest glad i aktivitetar, kan peparkakelandsbyen på Sande bibliotek vere noko for deg. Meir info finn du her.
Vi ynskjer alle bibliotekbrukarane ein koseleg førjulstid! ☃️