Tre nye bøker. Tre ulike forfattarar. Tre ulike tema. Finst det ein fellesnemnar?
Møt Stig Roger Eide, Torkjell Djupedal og Terje Lyngstad på Førde bibliotek, tysdag 28. november kl. 19:00.
Presentasjon av bøkene og samtale mellom forfattarane. Boksal og signering.
Kort om bøkene:
Terje Lyngstad: Kristian Fossheim. Jølstring på vitskapens verdsarena:
Biografi om Kristian Fossheim (f. 1935) frå Jølster, professor i fysikk og riddar av 1. klasse av Den Kongelige Norske St. Olavs Orden. Han har m.a. etablert verdas fremste forskingspris for berekraftforsking og var den første som fekk målprisen for Sogn og Fjordane.
Stig Roger Eide: Fotball i 100 år. Sogn og Fjordane fotballkrets 1922-2022:
Boka summerer opp 100 år med fotball i Sogn og Fjordane. Her kan du lese om anleggs-utvikling, dugnadsarbeid og profesjonalisering, om leik og alvor. Om trenarar, dommarar og spelarar, frå miniputtane til dei profesjonelle spelarane i inn- og utland.
Torkjell Djupedal: OPPTUR Sunnfjord. 91 fotturar:
Fyldig omtale av 91 fotturar i Fjaler, Askvoll, Gaular, Jølster, Førde, Naustdal og Flora, med oppgitt vanskegrad, høgder, lengder og tidsbruk. Boka er hendig, har nye detaljerte kart for kvar tur, er rikt illustrert og fortel om natur, kulturhistorie og attraksjonar i terrenget.