Sunnfjord kommune markerer Landslovjubileet med spennande foredrag, konsertar og liv og røre på Ålhus, helga den 27 – 29. september. Audun Hugleiksson var ein sentral person som var med å bidra til å skrive lova.
Landslova vart ferdigstilt i Bergen i 1274, og var den tredje riksdekkande lovboka i Europa. Ho avløyste dei fire landskapslovene for Frostating, Gulating, Eidsivating og Borgarting. Landslova er uløyseleg knytt til Jølster og Sunnfjord ved sambandet til Audun frå Ålhus. Framleis finst det spor å fylgje og svar å leite etter på tusenårs-staden ved Jølstravatnet. Andre historiske samband er òg aktuelle å utforske hjå oss, slik som ferdselsvegane til Gulatinget, kristenretten og kyrkjehistoria.
Programmet for helga finn du på Sunnfjord kommune si heimeside.
Laurdagsforedrag på biblioteket: 21. september kl. 14.00.
På Førde bibliotek vert det foredrag med Pål Berg Svenungsen: “Landslova 750 år – og kva så?
Pål Berg Svenungsen er førsteamanuensis i historie ved Høgskulen på Vestlandet, studiestad Sogndal. Han er ein spennande og god formidlar og har blant anna blitt kjent som historieformidlaren som brukar LEGO-figurar.
Arrangementet er ein del av Vestland si feiring av landslovjubileet: Landslovjubileet – Vestland fylkeskommune
Skulebesøk om Landslova: onsdag 30. oktober
Er det lov? Landslova 750 år – gamle og nye lover, i ord og teikning med Therese G. Eide.
Onsdag 30. oktober får 2. klasse på Sande og Naustdal skule besøk av Therese G. Eide, som lagar teikneseriar og illustrerer bøker. Saman med Therese reiser vi tilbake i tid i ord og teikningar. Ho inviterer til ein samtale om Magnus Lagabøtes landslov og kva barna synest bør vere lov i dag. Dersom det er tid, kan barna få prøve gamle skrivereiskapar.
“For lenge, lenge sidan var det ein gut som heitte Magnus. Han vaks opp i kongsgarden i Bergen, og då den eldre broren døydde, vart han konge. Magnus Lagabøte var namnet han fekk i ettertida. «Lag» er eit gammalt ord for lov, og «bøte» tyder at han var med på å rette på gamle lover. I året 1274 vart Landslova vedteken som den første lova for heile Noreg, og i år markerer vi at det er 750 år sidan.”