Vert du motivert av litt konkurranse? Vi vaksne tykkjer også det kan vere kjekt med lesekonkurransar, og vi køyrer i gang vår populære lesebingo på nytt: Vinterlesbingo 2025!
Sunnfjord bibliotek ynskjer å inspirere unge og vaksne til å bruke vinterkveldane fram mot påske til å lese mange gode bøker. For å delta må ein ha fylt, eller fylle, 15 år i 2025. Fyll inn forfattar og tittel når du har lese boka, og du kan berre bruke ei bok ein gong! Du kan fylle ut rader loddrett, vassrett eller diagonalt. Om du er ein superlesar klarar du kanskje å fylle ut alle rutene?
Døme på kategoriar du kan lese i år:
- Ei bok som fekk deg i godt humør
- Ei bok med handling frå skogen eller fjellet
- Ein historisk roman
Når du leverer skjemaet, er du med i trekninga av fine premiar, og skjemaet finn du på alle dei seks biblioteka i Sunnfjord kommune.
Frist for innlevering av skjema er 31. mars!