Gotisk lesegruppe med Yngve Nedrebø – digital samling
Fredag 10. mai kl. 12.00 er vi attende med lesegruppa for gotisk skrift på biblioteket ved Yngve Nedrebø, statsarkivar i Bergen og fagdirektør for skriftforvaltning i Arkivverket. Yngve er denne gongen med oss digitalt frå Bergen og arrangementet varer i 2 timar.
Lesegruppa passar for alle som arbeider med lokalhistorie og slektshistorie, og som ynskjer å lese dokument med gotisk skrift. Tekst vert sendt ut til deltakarane på førehand etter avtale.
Denne fredagen skal vi fortsette med saka om Henrik Albertsen Graff frå Bergen som vart i 1605 ansatt som sogneprest i Jølster. Det gjekk ikkje så bra med denne presten som vart anklaga for både det eine og det andre! Vi skal innom ein rettsak frå Hafslo i 1604 og dom i rettsak Jølster 1609.
Ta kontakt med Førde bibliotek på epost bibliotek@sunnfjord.kommune.no eller telefon 57721909 for å få tilsendt teamslenke og utsending av skriftmateriale på førehand.