Møteplass Førde bibliotek – gratis og for alle

Dato

Tid

Stad

Førde bibliotek

Kvar tysdag føremiddag inviterer Førde bibliotek og Friskliv og Frivilligsenteret til ein sosial møteplass. Du kan bli litt betre kjent med biblioteket, lese aviser og samtidig få ein kaffi- eller tekopp, og ha ei kjekk stund saman med andre. Ein av bibliotekarane les gjerne noko lite frå ei bok og elles er det samtale om laust og fast. Dette er for alle, kom som du er!