Bokkasse

Barnehagar og skular kan bestille bokkassar frå dei ulike biblioteka. Bøkene frå bokkassane kan til dømes brukast i leseprosjekt, som klassebibliotek eller i undervisninga. Bokkassane vert gjort klare i biblioteket, men må hentast og leverast tilbake av barnehagen eller skulen sjølv. Lånetida for bokkassar er 3 månader. For å bestille bokkasse, kontakt biblioteket ditt.

Treng du fleire eksemplar av same boka, til dømes til ein klasse, kan du bestille klassesett. Bibliotekutvikling Vestland låner ut klassesett til grunnskulane i fylket. Samlingane er fysisk plasserte i Førde, og vert lånt ut til alle grunnskulane i Vestland fylke utanom Bergen. Du kan lese meir om lånereglar og korleis du kan bestille klassesett på Vestland fylkeskommune sin nettstad.

 

 

Ved å halde fram med å bruke denne nettstaden, gir du samtykke til vår bruk av informasjonskapslar (cookies). Meir informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close