Elevane i Sunnfjord kommune er sikra skulebibliotek gjennom forskrift til opplæringslova § 21-1. Tilgang til skulebibliotek: “Skulen skal ha skulebibliotek med mindre tilgangen til skulebibliotek er sikra gjennom samarbeid med andre bibliotek. Bibliotek som ikkje ligg i skulen sine lokale, skal vere tilgjengeleg for elevane i skuletida, slik at biblioteket kan brukast aktivt i opplæringa på skulen. Biblioteket skal vere særskilt tilrettelagt for skulen”.
Sjølv om skulen har ansvar for skulebibliotek, kan folkebiblioteket støtte skulen sitt arbeid med bibliotek og leselyst.
Folkebiblioteka kan:
Supplere boksamlinga til skulen med utlån av bokkasser (til bruk i klasserommet)
Gi råd om praktisk drift, organisering og utstyr
Tipse skulebiblioteka om aktuelle bøker, ressursar eller kurs
Har du ansvar for skulebibliotek eller ønsker å vite meir, ta gjerne kontakt med Bente Elisabeth Lund Hawkes, tlf. 57612764.
Kombinasjonsbibliotek i Sunnfjord kommune
Kombinasjonsbibliotek er folkebibliotek som deler lokale, samling og ressursar med skule. I Sunnfjord kommune er det kombinasjonsbibliotek ved Vassenden skule og Naustdal barne- og ungdomsskule.
Som følgje av politisk vedtak (KST-124/20) vil Sande skule og Skei skule bli kombinasjonsbibliotek i løpet av 2021/2022.
Felles digital base
Skulane Frøysland, Sunde, Slåtten, Flatene, Halbrend, Førde barneskule og Førde ungdomsskule har felles bibliotekkatalog, der alle bøkene er registrert i ein felles base som blir drifta av Førde bibliotek. Link til bokbasen.
Prosjekt Skulebibliotek for leselyst! (2018-2020)
I 2018 søkte Førde kommune om tilskot til skulebibliotek gjennom ei ny ordning til Utdanningsdirektoratet, og søknaden vart innvilga. Som resultat blei prosjektet Skulebibliotek for leselyst gjennomført i perioden 2018-2020. Ta kontakt for ev. prosjektrapport.
Om du vil vite meir om skulebibliotek, er denne sida vel verdt eit besøk: skolebibliotek.no