Aviser og tidsskrift

Pressreader

Les aviser og tidsskrift frå heile verda via biblioteket ditt! Appen Pressreader gjev deg tilgang til over 7000 aviser og tidsskrift, til dømes Aftenposten, Dagbladet, Dagsavisen, Stavanger Aftenblad, Fædrelandsvennen og Bergens Tidende.

Slik får du tilgang: 
Last ned appen Pressreader fra Google Play eller App Store.
Kople deg på nettverket på biblioteket.
Du får også tilgang til Pressreader via Bibliofil-appen. Sjå i menyen “Digitale ressursar”.

No har du full tilgang til Pressreader i 7 dagar – du må altså innom biblioteket kvar 7. dag for å få oppdatert tilgangen. På pc går ein inn på pressreader.com medan ein er på biblioteket sitt nettverk.

Flipp

Flipp gjev deg fri tilgang til over 90 populære magasin frå Norge, Sverige og Danmark; vekeblad om hage, interiør, bil m.m. Det er også fleire magasin og teikneseriar for barn. Når du besøker biblioteket får du gratis tilgang til appen. Du må innom biblioteket kvar 7. dag for å få ny tilgang.

Slik får du passord og tilgang:
1.
Last ned appen «Flipp Norge» i App Store eller Google Play Store. Du kan også lese Flipp i nettlesar på blader.flipp.no.
2. Sjekk at du er kobla til nettverket i biblioteket.
3. Logg inn på blader.flipp.no første gang, med følgande informasjon:
Brukernavn = ditt mobilnummer
Passord = velg ditt eget passord

Passordet du vel første gang blir ditt faste passord, og du kan no bruke det både i app og nettlesar.

 

Avistenesta til Nasjonalbiblioteket

Lese aviser heime
nettbiblioteket til Nasjonalbiblioteket kan du lese digitaliserte aviser frå heile landet, både gamle og nye. Dei eldste avisene er fritt tilgjengeleg å lese for alle, medan andre er regulert etter kva årstall dei kom ut.

Full oversikt om kva aviser som er tilgjengelege får du på Nasjonalbiblioteket.

Lese fleire aviser på biblioteket
Biblioteka i Norge har utvida tilgang til nye, digitaliserte aviser. På biblioteket kan du 14 dagar etter utgjeving lese aviser som Dagbladet, Dagens Næringsliv, Nationen og Firda. Du logger inn med dagens passord og kan bruke både biblioteket sine pc’ar eller eigen pc.

Slik får du passord og tilgang:
Sjå oppslag ved PC i biblioteket eller spør personalet.

Dokumentasjon og forsking
Besøkande hos biblioteket kan få tilgang til pliktavleverte aviser under bestemte vilkår.

Slik får du tilgang:
Du må opphalde deg i biblioteket og søker om tilgang via Feide/MinId. Dei tilsette ved biblioteket må godkjenne søknaden din. Ved innvilga søknad får en tilgang til å strøyme/lese dokumentet i opptil 8 timer.

Tilgang til tidsskrift
Tidsskrift som er utgitt for 90 år sidan eller meir er tilgjengelig for alle via nettbiblioteket. I tillegg har Nasjonalbiblioteket gjort avtale med ein del nyare tidsskrift om at dei skal vere fritt tilgjengelig (nokre av dei tidsavgrensa).

 

Ved å halde fram med å bruke denne nettstaden, gir du samtykke til vår bruk av informasjonskapslar (cookies). Meir informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close