BookBites
Biblioteka i Sunnfjord kommune brukar appen Bookbites til å låne ut e-bøker og e-lydbøker gratis. Alle kan laste ned appen og opprette ein brukar, men for å låne bøker må du ha lånekort på biblioteket. Du finn BookBites-appen i Google Play og Apple Store.
I BookBites-appen kan du tilpasse og markere teksten, skrive notat og slå opp ord. Du kan endre bakgrunnsfarge på sidene, og boka vert opna på den sida ein avsluttar lesinga. Appen har automatisk innlevering av boka ved forfall, men du kan levere inn boka før forfallsdato. Du må laste ned bøkene medan du er på nett, men du kan lese dei utan nettilgang (offline). Du vil finne utstillingar av bøker i BookBites. Til dømes kan det vere «bokhyller» med Sommarles-tips, nominerte bøker til litterære prisar eller anbefalingar frå dei tilsette på biblioteket.
Slik gjer du det:
Last ned appen Bookbites
Lag ein brukar med epost-adresse og passord, eller via Google- eller Facebook-kontoen din.
Logg inn med lånenummer og pinkode frå biblioteket.
Finn e-bøker eller digitale lydbøker, last ned og les eller lytt.
Nettbiblioteket
Gjennom Nasjonalbiblioteket sitt nettbibliotek, (tidlegare bokhylla.no), kan du lese norske, digitaliserte bøker som kom ut frå år 2000 og tidlegare. Pr. 2021 er det over 500 000 bøker tilgjengeleg i nettbiblioteket. I tillegg er det mogeleg å lese mange tusen tidsskrift, aviser og sjå digitaliserte bilete.
Nettbiblioteket er gratis tilgjengeleg for alle med norsk IP-adresse. Nasjonalbiblioteket kan etter konkret spørsmål gje andre brukarar tilgang for særskilte formål, i hovedsak forsknings- og utdanningsformål, etter nærmare definerte kriterier. Bøker som er opphavsrettslig beskytta, er ikkje tilrettelagt for nedlasting eller utskrift.
Lesedigg.no – hjelp til å finne den rette boka
Ved hjelp av lesedigg.no er det enkelt og moro å finne bøker. Med bruk av ulike emojiar og søkefunksjonar får du opp forslag til bøker som kan passe. Så kan du sjekke om vi har dei på biblioteket eller om vi kan bestille dei til deg. Bøkene som ligg inne på Lesedigg er henta frå nynorskbok.no og Framtida Junior. Det betyr at hovudvekta av titlane er på nynorsk og er difor eit viktig bidrag for å spreie gode nynorsklitteratur. På nettsida finn du også bokmeldingar frå unge lesarar, omtalar av bøkene, intervju av forfattarar og forslag til ulike aktivitetar.