Filmoteket
Lånarar som er tilknytt Biblioteka i Sunnfjord kommune kan no enkelt låne film på filmoteket.no.
Du kan låne 4 filmar kvar månad. Etter du har valt filmen du ynskjer å låne, kan du sjå filmen så mange gonger du vil i løpet av 48 timar. Filmane du har lånt kan berre visast i Norge. Du må altså ha norsk IP-adresse. Du kan sjå dei på alle plattformer, i alle dei kjente nettlesarane. Du kan også overføre filmane til større skjerm via AirPlay og Chromecast.
Slik får du tilgang:
Vel eitt av våre 6 bibliotek i Førde, Naustdal, Viksdalen, Vassenden, Skei eller Sande som ditt heimebibliotek og opprett profil på filmoteket.no med e-postadresse og passord, lånekortnummeret og pinkoden frå det nasjonale lånekortet ditt.
Svar på e-posten du får tilsendt for å bekrefte kontoen din.
Logg deg inn med e-post adresse og passord.
Vel filmen du vil sjå og bekreft lånet med pinkoden som er knytt til ditt lånekort.
Filmbib
På Filmbib kan du sjå kort- og dokumentarfilmar av nyare dato, men også eit utval av filmar som går tilbake i tid. Her vil du finne ei unik samling av kortfilmar for både barn og vaksne: animasjonsfilmar, eksperimentelle filmar og humoristiske korte historier. Du får òg tilgang til historisk interessante og samfunnsaktuelle dokumentarar og mykje meir. Til saman er det rundt 400 titlar tilgjengeleg for gratis strøyming for deg som bibliotekbrukar.
Slik får du tilgang:
Logg inn på filmbib.no med lånekortnummeret ditt og PIN-kode. Tenesta er gratis, men du må ha Nasjonalt lånekort. Du kan logge inn både på PC, nettbrett eller mobil.
Naxos
Naxos Music Library (Musikkstrøymeteneste) er Biblioteka i Sunnfjord si gratis strøymeteneste for klassisk musikk. Lytt til over 100.00 album eller finn artiklar om musikkhistorie. Du har tilgang til musikkarkivet med 130.00 innspelingar, mest innan klassisk, men dei fleste musikksjangrar er representert; musikkhistorie, libretti osv. Søk etter album på plateselskap, komponist, artist osv.
Slik får du tilgang:
Via Bibliofil-appen under “Digitale tenester” finn du Naxos.