Språk

Det flerspråklige bibliotek

Det flerspråklige bibliotek (DFB) er eit kompetansesenter for fleirkulturelle bibliotektenester, rådgjevar for biblioteka i Noreg og ein del av Nasjonalbiblioteket. Det flerspråklige bibliotek har eit stort uval av bøker, på 70 språk! Vi på biblioteket kan bestille bestemte titlar til deg eller bokpakkar på språk du er interessert i. Om du har eit Nasjonalt lånekort kan du sjølv bestille bøker gjennom søket til DFB og få det sendt til eit av biblioteka våre! 

Verdensbiblioteket

Våren 2019 vart verdensbiblioteket.no offisielt lansert. Her finn du e-bøker og lydbøker på fleire språk som er tilgjengelege for strøyming. Du kan strøyme så mykje du vil frå Verdensbiblioteket. Det finst e-bøker og lydbøker på arabisk, tigrinja, persisk, tyrkisk, somali og bosnisk/kroatisk/serbisk i Verdensbiblioteket.

Slik får du tilgang:
Du må besøke sida frå ei norsk IP-adresse, opprette ein brukar og logge inn for å få tilgang til innhaldet. Å opprette ein brukar er gratis, og krev berre at du har ei gyldig e-postadresse. Enkelt og greit!

Verdensbiblioteket er resultatet av eit samarbeidsprosjekt mellom nasjonalbiblioteka i Norge, Sverige og Danmark, støtta av Nordisk Ministerråd. Det er Nasjonalbiblioteket som har ansvaret for verdensbiblioteket.no.

Lesekroken

Lesekroken.no er ein nettbasert eventyrportal med blant anna eventyr og barnesongar på 22 språk. Lesekroken er tilgjengelig på PC, nettbrett og smarttelefon. Lesekroken.no er tilrettelagt for alle, både minoritetsspråklege, tospråklege og dei med norsk som morsmål. Det er dei same fire eventyra som går igjen på kvart framandspråk: Mannen som skulle stelle hjemme, De tre bukkene Bruse, Den syvende far i huset og Pannekaka. Lesekroken.no inneheld også ulike oppgåver og aktivitetar knytt til eventyra, som puslespel, fargelegging og karaoke!

Slik får du tilgang:
Publikumspassord for Sunnfjord bibliotek er: sunnfjord123

Ved å halde fram med å bruke denne nettstaden, gir du samtykke til vår bruk av informasjonskapslar (cookies). Meir informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close