Det flerspråklige bibliotek
Det flerspråklige bibliotek har bøker på heile 70 språk! Det er bøker for både vaksne og barn. Vi på biblioteket kan bestille bestemte bøker til deg eller bokpakkar på språk du er interessert i. Ein bokpakke kan innhalde både vanlege bøker, lydbøker, filmar eller språkkurs.
Om du har eit Nasjonalt lånekort kan du sjølv bestille bøker gjennom søket til DFB og få dei sendt til eitt av biblioteka våre!
Det flerspråklige bibliotek (DFB) er eit kompetansesenter for fleirkulturelle bibliotektenester, rådgjevar for biblioteka i Noreg og ein del av Nasjonalbiblioteket.