På denne sida finn du svar på nokre spørsmål rundt meirope bibliotek.
Dersom du lurer på noko, kan du alltid kontakte biblioteket på bibliotek@sunnfjord.kommune.no, på telefon eller gjennom sosiale medier. Du finn kontaktinformasjon til biblioteket i Førde her, og til dei andre biblioteka i kommunen under fana “Om oss” i hovudmenyen.
Kva er eit meirope bibliotek?
“Meirope bibliotek” betyr at du kan bruke biblioteket sine lokale både før og etter den ordinære opningstida, til og med på julaftan! Du får tilgang ved å skrive under på ein kontrakt med biblioteket og låser deg inn med lånekortet eller ein app på mobiltelefonen din (Bibliofil).
Kva kan eg gjere på eit meirope bibliotek?
- Låne og levere materiale ved å bruke utlånsautomatane – rettleiinga på skjermen viser deg korleis du gjer dette. OBS! Purregebyr må du betale i betent opningstid.
- Hente materiale du har bestilt – hugs å registrere det på automaten før du tek det med deg heim! Materiale til henting er ordna etter hentenummer og står på merka tralle. Hentenummeret står i meldinga du har fått av biblioteket.
- Nytte lokala – lese bøker og aviser, teikne, spele eller berre slappe av og nyte åleinetida!
- OBS! Av og til vil det vere arrangement på biblioteket i meirope tid. Arrangementa vert annonserte på biblioteka sine facebook-sider.
Får alle bruke meirope?
Det er aldersgrense på 15 år for meirope tilgang. Det vil seie at du må vere 15 år eller eldre for å få tilgang.
Foreldre/føresette kan ha med seg eigne barn under 15 år. Alle over 15 år må ha eige, oppgradert lånekort. Ikkje lås inn personar utan meirope-kort på biblioteket.
Skular, barnehagar og andre institusjonar kan få lånekort med tilgang til meirope i institusjonen sitt namn. Kortinnehavar kan då nytte kortet til å låse andre inn på biblioteket. Kortinnehavar er ansvarleg for desse personane medan dei er i lokala, og for å passe på at ingen av dei oppheld seg i lokala utan at kortinnehavar er til stades. Det er ikkje noko aldersgrense for personar som vert låst inn med lånekort utstedt til institusjon.
Er alle biblioteka i Sunnfjord meirope?
Ikkje endå, men vi jobbar med saka! Per dags dato er Sande, Naustdal og Førde bibliotek meirope.
Kor finn eg meirope-kontrakten?
Du finn meirope-kontrakten i skranken i alle avdelingane som tilbyr meirope løysing. Du kan også laste ned kontrakten ved å trykkje her. Du kan skrive ut og fylle ut kontrakten heime, men ver obs på at du må levere han på biblioteket for å få tilgang og opplæring.
Må eg søke om meirope tilgang hjå kvar enkel avdeling?
Nei, det må du ikkje. Dersom du alt har meiropetilgang på Sande, får du nytte meirope-løysinga i Førde og Naustdal med same PIN-kode. Viss du vil opprette meirope-tilgang i Førde eller Naustdal, vil du også kunne bruke dei andre meirope-biblioteka i kommunen. Ver merksam på at det kan vere ulike tider for meirope tilgang på avdelingane, og at det kan gjelde litt andre reglar for bruk av lokale. Du får meir informasjon om dette på avdelingssidene og fysisk på biblioteka.
Eg treng hjelp frå ein bibliotekar – kva gjer eg?
Vi ventar på deg i betjent opningstid. Du finn opningstider for kvar enkelte avdeling på hovudsida og på Facebook-sidene til avdelingane.
Meirope på Førde bibliotek
Biblioteket i Førde er meirope på fylgjande tidspunkt:
- Mån-fre 8:00-22:00
- Lau 9:00-18:00
- Søn 9:00-21:00
Du finn oppdatert informasjon om evt. avvik i opningstider og kveldsarrangement på fFacebook-sida vår.
Firda har også skrive artikkel om meirope-prosjektet i Førde.
Meirope på Naustdal bibliotek
Naustdal bibliotek har meirope-tilgang frå kl. 7 til kl. 22 kvar dag. Dette er det tredje biblioteket i Sunnfjord kommune der du kan nytte bibliotekkortet ditt som nøkkelkort.
Meirope på Sande bibliotek
Sande bibliotek har vore meirope sidan 2019 som eitt av dei fyrste biblioteka i gamlefylket. Det har fungert kjempefint! Det er meirope-tilgang frå kl. 7 til kl. 22 kvar dag, også på heilagdagane. Du finn eit utdrag av meirope-kontrakten rett ved inngangen, slik at du enkelt kan gjere deg kjend med dei gjeldande meirope-reglane på Sande bibliotek.