Hausten 2017 opna det tidlegare hovudbiblioteket i Naustdal kommune som eit heilt nytt kombinert skule- og folkebibliotek. Biblioteket ligg midt i den renoverte skulen og har flotte lokale og er ein koseleg møteplass. Vi har eige eventyrrom for lesestunder og formidling til dei minste. På biblioteket har vi også eige møterom som lag og foreiningar kan bruke til eventuelle styremøte. Naustdal bibliotek har ei stor samling av lokalhistorisk litteratur. Biblioteket har også 3 PC-ar som publikum kan bruke.
Kontakt:
Adresse: Berrvellene 16, 6817 Naustdal
Postadresse: Naustdal bibliotek, postboks 338, 6802 Førde
E-post: bibliotek@sunnfjord.kommune.no
Telefon. 57 81 61 40
Facebook: @naustdalbibliotek