Biblioteka i Sunnfjord tilbyr litteraturformidling på mange ulike vis. Du kan besøke oss på biblioteket og sjølv finne bøker i hyllene eller få eit godt lesetips av bibliotekaren. Vi har lesekonkurransar for både barn og vaksne som kan inspirere til nye leseopplevingar og auka kunnskap om ulike tema. I løpet av året har vi gjerne forfattarbesøk, lesestunder for barn eller debattar. Digitale tilbod og digitale formidling er blitt meir viktig dei siste åra.
Barn og unge
Foreldre og barn kan delta på lesestunder eller ulike aktivitetsdagar på biblioteka. Barnehagane er flinke til å besøke oss og delta på lesestunder. Biblioteket kan lage til bokkasser til barnehagar og skuleklasser etter førespurnad. Vi kan tilby omvisning og opplæring for skuleklassar i biblioteket etter avtale og ev. eigne lesestunder tilpassa klassetrinnet. Det er også kjekt for oss å kunne besøke skulane og tilby bokpresentasjonar i klassene. I sommarferien har vi lesekonkurranse frå 1.–7. klasse; Sommarles. Dette er svært populært og ungane vert motivert gjennom premiering og ein skikkeleg avslutningsfest etter ferien! Sjå meir på sommarles.no
Nynorsk turbibliotek
Dagsturhyttene i Sunnfjord kommune er eit lågterskeltilbod for turgåarar. Hyttene er ein plass for å ete matpakka si, få litt varme i seg og sjå i bøker. Sunnfjord kommune har 4 dagsturhytter; Fjellro i Jølster, Skaraly i Gaular, Gyttakvia i Førde og Steinkorshytta i Naustdal. Hyttene er utstyrte med eit minibibliotek med bøker til bruk på staden, for å stimulere til lesing og for å gjere kjent god, nynorsk barnelitteratur. Boksamlinga er sett saman av hovudsakleg barnebøker. Biblioteka i Sunnfjord har tilsynet med turbiblioteka. Her finn du ei oversikt over alle dagsturhyttene: dagsturhytta.no
Bok på døra
Har du problem med å komme deg til biblioteket sjølv? Med “Bok på døra” kan du få biblioteket rett heim til deg! Tilbodet er eit samarbeid mellom Førde bibliotek og Førde Røde kors besøksteneste.
Det fungerer slik:
Du bestiller bøker eller anna du ynskjer å låne på biblioteket, eller vi på biblioteket kan finne fram bøker av ein spesiell sjanger som du likar. Besøkstenesta til Røde Kors leverer bøker heim på døra di omtrent ein gong i månaden. Dersom du ynskjer lenger lånetid kan vi gjere avtale om det. Lån og levering er heilt gratis! Har du hjelp frå heimetenesta kan du også be dei om å formidle beskjed til biblioteket. Du kan låne alt som vanlege lånarar kan: Bøker, lydbøker, tidsskrift, musikk og film på dvd.
Lesesirkel
Ønskjer du å starte ein lesesirkel? Biblioteket kan hjelpe dykk med både boktips og bestilling av bøker. For at vi skal kunne skaffe mange nok eksemplar er det viktig at de er ute i god tid.
Strikk og lytt
Likar du å høyre nokon lese for deg? Strikk og lytt er eit fast, koseleg innslag i vintermånadane på Førde bibliotek. Biblioteksjefen les utdrag frå ulike bøker og du kan strikke eller jobbe med anna handarbeid om du vil. Du kan kjøpe kaffi eller te i kafeen.Det er også Strikk og lytt på Naustdal bibliotek og Vassenden bibliotek har Strikkekafe!
Vinterlesbingo og sommarlesbingo
Treng du litt inspirasjon til lesestoff? Vi arrangerer ein uhøgtidleg lesekonkurranse, LESEBINGO, både vinter og sommar. Ved å lese ulike typar bøker og fylle ut eit skjema med rubrikkar, kan du vere med i trekning av fine premiar. Om du er ein superlesar, så klarer du kanskje å fylle ut alle rutene? Denne uhøgtidlege konkurransen er for ungdom og vaksne og ein må ha fylt 15 år for å delta.
Digital formidling
Det finst mange gode podkastar å høyre på! Podkast frå norske bibliotek
Samarbeid om arrangement?
Mange arrangement på biblioteka skjer gjerne i samarbeid med lag og organisasjonar eller institusjonar i vårt nærmiljø. På denne måten får vi spennande tema å presentere eller forfattarar og føredragshaldarar til oss, som vi kanskje ikkje hadde fått til åleine. Har du ein ide eller forslag til eit arrangement eller aktivitet vi kunne gjort i saman er det berre å ta kontakt med oss! bibliotek@sunnfjord.kommune.no