Lån frå andre bibliotek

Bøker som ikkje finst i biblioteka i Sunnfjord kommune si samling, kan som regel lånast frå eit anna bibliotek (fjernlån). Vi kan bestille bøker og andre medium frå andre folkebibliotek og universitets- og høgskulebibliotek. For slike lån gjeld eigarbiblioteket sine lånefristar, reglar og satsar for erstatning. Det tek normalt frå eit par dagar til eit par veker før det bestilte materiellet kjem, men det kan også ta lengre tid.

Du kan også bestille bøker sjølv via nettsida til Norgeslån «Biblioteksøk». Du må ha Nasjonalt lånekort og pinkode for å kunne nytte dette tilbodet.

Logg inn på Biblioteksøk og vel hentebibliotek. (t.d. Naustdal bibliotek). Du får e-post eller SMS når du kan hente det du har bestilt.

Ved å halde fram med å bruke denne nettstaden, gir du samtykke til vår bruk av informasjonskapslar (cookies). Meir informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close