Få lånekort
Alle har rett til å låne bøker og anna materiale gratis frå biblioteket. Dei som ønskjer å låne frå biblioteka våre må ha eit gyldig lånekort. Lånekort er gratis, men tapte kort må erstattast etter gjeldande satsar. Ta alltid med lånekortet når du skal på biblioteket. Du kan også ha lånekortet på ein app på mobilen din.
Dei fleste lånarar har i dag eit nasjonalt lånekort. Det vil seie at lånekortet kan brukast på dei fleste norske bibliotek. Du må gje opp legitimasjon og fødselsnummer/DUF-nummer ved registrering. Lånarar som ikkje har fødselsnummer/DUF-nummer tilgjengeleg eller som ikkje ønskjer å gje opp det ved registrering, kan få eit lokalt lånekort som er gyldig på alle folkebibliotek i Sunnfjord kommune. Skular, barnehagar og andre institusjonar som vert registrert på institusjonen sitt namn og ansvarsperson, får òg lokale lånekort.
Slik gjer du det:
Du kan få lånekort på eitt av dei seks biblioteka i Sunnfjord kommune. Du må fylle ut eit skjema med kontaktinformasjon. Ta med legitimasjon. Barn under 15 år må ha løyve frå føresette.
Du kan også få lånekort ved å registrere deg på nettsida til nasjonalbiblioteket nb.bib.no. Dette vert eit digitalt nasjonalt lånekort og du må identifisere deg ved hjelp av ID-Porten (T.d. MinID, BankID) For å få full tilgang til alle tenester ved biblioteka våre må du kontakte oss for å knytte deg opp. Kortet vert brukt på same måte som et fysisk kort.
Lånekort på mobilen – Bibliofil-appen
Ved å laste ned appen Bibliofil kan du få lånekortet ditt på mobilen. I tillegg får du tilgang til alle biblioteket sine andre tenester. Du finn bibliofil-appen i Google Play og Apple Store.
Slik gjer du det:
Last ned appen Bibliofil, vel “Vestland” og deretter “Sunnfjord bibliotek”.
Logg deg på med lånenummeret ditt som brukarnamn (står under strekkoden på lånekortet) og PIN.
Du har ikkje PIN? Trykk på “glemt PIN” eller kontakt biblioteket.
Lån i meirope bibliotek
Sande, Naustdal og Førde bibliotek er meirope. Dette betyr at du kan nytte biblioteket i ubetent opningstid. Dette er eit tilbod til alle over 15 år. For å få tilgang til meirope må du oppgradere lånekortet til eit nøkkelkort, og signere eiga kontrakt som gjeld meirope. Dette gjer du ved personlig oppmøte på eitt av bibliotek i betent opningstid.
Lånereglar
Lånereglane til Biblioteka i Sunnfjord kommune seier at alle har rett til å låne bøker og anna materiale gratis frå biblioteka. Du må ha eit gyldig lånekort for å låne bøker eller andre media. Vanleg lånetid er 4 veker for bøker, lydbøker, tidsskrift og musikk (CD). For dvd-ar er det 1 veke lånetid. Du må sjølv sørge for å levere innan lånefristen går ut. Dersom du ynskjer å forlenge lånet kan du kontakte oss på e-post eller telefon. Dersom du har bibliofilappen kan du forlenge låna dine sjølv. Dersom vi må purre bøkene får du purregebyr etter gjeldande satsar.
Digitale ressursar
I tillegg til fysiske samlingar, gjev biblioteket deg tilgang til fleire digitale ressursar på nett.