Førde bibliotek har ei relativt stor samling av lokalhistorisk materiale frå Sogn og Fjordane, både fag- og skjønnlitteratur. (spesielt utgjevingar fram til 2013). Vi har bygdebøker frå alle kommunar i gamlefylket vårt.
Biblioteket har også aviser frå Sogn og Fjordane på mikrofilm og innbunde årgangar av Fjordingen, Fjordabladet, Firda Tidende, Firda, Firda folkeblad, Firdaposten, Sogningen, Sogn dagblad og Sogn og Fjordane. Ta kontakt om du vil ha meir informasjon om samlinga vår.
Naustdal bibliotek har også ei stor samling av lokalhistorisk litteratur. Dei har sogeskrift, bygdebøker og alle årgangar av Årbok for Sogn og Fjordane. Dette er plassert på eit eige rom som er godt tilrettelagt om du er historieinteressert! Biblioteket har også ei samling med gamle bilete frå Naustdal. Unike lydopptak og intervju gjort av Ingolv Eimhjellen er digitalisert.
Kvalesamlinga
Anne Johanne Kvale, donerte i 1994 si private samling av kvinnelitteratur til biblioteket. Deler av denne samlinga er innlemma i boksamlinga vår på Førde bibliotek.
Gotisk skrift
Vi har oppretta ei lesegruppe for gotisk skrift som har møte på Førde bibliotek. Den vert leia av Yngve Nedrebø, statsarkivar i Bergen og fagdirektør for skriftforvaltning i Arkivverket. Gruppa passar for alle som arbeider med lokalhistorie og slektshistorie, og som slit med å lese dokument med gotisk skrift.
Lenker:
Lokalhistoriske artiklar frå Sogn og Fjordane
Forfattarar frå Sogn og Fjordane
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
Slekt og data (DIS)
Avistenesta på Nasjonalbiblioteket – til bruk på biblioteket.