Dei seks biblioteka i Sunnfjord kommune er lokaliserte rundt i heile kommunen. Alle er fysisk samlokalisert med andre institusjonar, har ulik storleik og litt ulike tilbod. Til dømes er Viksdalen bibliotek plassert i Bygdetunet i Viksdalen. Naustdal bibliotek har eit godt utval av handarbeidsbøker og på Sande bibliotek er det mange gode dvd’ar i hyllene!
Det er gratis trådlaust nettverk på alle biblioteka i Sunnfjord kommune. Sjå oppslag på det enkelte bibliotek for pålogging/passord.
Aviser og tidsskrift
Førde bibliotek har eigen aviskrok med alle lokalaviser frå Sogn og Fjordane samt ein del riksaviser. Tidsskrift kan du både lese og låne i Førde, Naustdal, på Skei og Sande bibliotek.
PlayStation4
På Sande er det eige ungdomsrom der bøker for ungdom er samla i same rom som storskjerm, saccosekkar og playstation!
Lesesal
Treng du ein stad å jobbe med studiane? På Førde bibliotek er det lesesal. Ta kontakt for å reservere plass! Studieplassane er ikkje på eit eige rom så vi anbefaler å ta med høyretelefonar dersom du treng full konsentrasjon. Førde bibliotek: Tlf. 57 72 19 09. E-post: bibliotek@sunnfjord.kommune.no.
På Sande er det og tilrettelagt for å sitte og jobbe. Arbeidsplassane er ikkje plassert i eit eige rom, men har du meiropekort kan du låse deg inn når det passar og jobbe tilnærma uforstyrra.
På Naustdal bibliotek er det mogeleg å nytte eit grupperom som studieplass eller møterom. Ta kontakt for informasjon/reservasjon. Naustdal bibliotek: Tlf. 57 81 61 40. E-post: bibliotek@sunnfjord.kommune.no
Formidling i biblioteka
På alle biblioteka vert det gjennomført ulike arrangement som bokprat, forfattarbesøk, strikkekafe, lesestunder, konsertar m.m. Naustdal bibliotek har eit eige, spennande rom til formidling for dei aller minste! I Naustdal kan vi også låne eit stort auditorium på skulen til større arrangement. Førde bibliotek er lokalisert i Førdehuset og vi nyttar av og til andre rom i huset til enkeltarrangement.
Lokalsamling
Naustdal bibliotek har ei stor samling av lokalhistorisk litteratur. Dette er plassert på eit eige rom som er godt tilrettelagt om du er historieinteressert! Førde bibliotek har også ei relativt bra samling av lokalhistorisk materiale frå fylket, både fag– og skjønnlitteratur. Vi har bygdebøker frå alle kommunar i Sogn og Fjordane. Biblioteket har også aviser frå fylket på mikrofilm.
Brettspel
Tradisjonelle brettspel og puslespel har fått sin renessanse dei siste åra! Vi har brettspel som du kan bruke når du er på besøk på biblioteket. Utvalet varierer litt på dei ulike biblioteka.
Praktisk hjelp
På biblioteka i Førde, Naustdal og på Sande kan du låne pc og ta utskrifter i svart-kvitt. På Skei kan du låne publikums-pc som er tilknytta tenestetorget. Utskrifter frå pc kostar 3 kroner pr. ark.
Kopiering kan du få utført i Førde, Naustdal, på Skei og Vassenden. Spør i skranken om du treng kopiar. På Sande kan du få hjelp til kopiering på tenestetorget.
Treng du å scanne eit dokument? Det kan du få utført på biblioteka i Førde og Naustdal. I tillegg kan tenestetorget på Skei og på Sande hjelpe deg med dette.
Kopi av A4-ark kostar 3 kroner pr. ark
Kopi av A3-ark og scanning av dokument kostar 10 kroner.
Viser elles til Ånsdsverklova og Kopinoravtalen, som seier noko om kor mykje du kan kopiere til eige bruk. Når det gjeld bøker, kan du berre kopiere inntil 15% av sidetalet, men likevel ei heil novelle eller eit heilt kapittel eller liknande avsnitt.