På biblioteka

Sunnfjord bibliotek har 6 avdelingar rundt om i kommunen. På biblioteka får du i tillegg til vanlege bibliotektenester, som lån av bøker og hjelp til bestilling av ulik litteratur, også hjelp til å løyse enkle, praktiske oppgåver, låne eit møterom eller liknande.

Utskrift, kopiering og scanning

På biblioteka i Førde, Naustdal og på Sande kan du låne pc og ta utskrifter i svart-kvitt. Utskrift frå pc kostar 3 kroner pr. ark.

Kopiering kan du få utført på biblioteka i Førde, Naustdal, på Sande og Vassenden. Spør i skranken om du treng kopiar.
Treng du kopiar i farge kan du få gjort dette på Førde bibliotek i betjent opningstid.

Treng du å scanne eit dokument? Det kan du få utført på biblioteka i Førde, Naustdal og på Sande.

Kopi av A4-ark kostar 3 kroner pr. ark
Kopi av A3-ark og scanning av dokument kostar 10 kroner.

Viser elles til Ånsdsverklova og Kopinoravtalen, som seier noko om kor mykje du kan kopiere til eige bruk. Når det gjeld bøker, kan du berre kopiere inntil 15% av sidetalet, men likevel ei heil novelle eller eit heilt kapittel eller liknande avsnitt.

Lesesal og møterom

Treng du ein stad å jobbe med studiane? På Førde bibliotek er det fleire soner med greie studieplassar. Dei er ikkje på eit eige, stille rom, så vi anbefaler å ta med høyretelefonar dersom du treng full konsentrasjon. Mange låser seg inn med meiropekort og jobbar utanom betjent opningstid. Du kan nytte meiropekort både i Førde, i Naustdal og på Sande bibliotek.

På Sande er det også tilrettelagt for å sitte og jobbe. Arbeidsplassane er ikkje plassert i eit eige rom, men har du meiropekort kan du låse deg inn når det passar og jobbe tilnærma uforstyrra. Det er ofte litt ekstra liv og leven i betjent opningstid, men då kan bibliotekaren vise deg til eit møterom biblioteket disponerer.

På Naustdal bibliotek er det mogeleg å nytte eit grupperom som studieplass eller møterom. Ta kontakt for informasjon/reservasjon. Naustdal bibliotek: Tlf. 57 81 61 40. E-post: bibliotek@sunnfjord.kommune.no

Trådlaust nettverk

Det er gratis trådlaust nettverk på alle biblioteka i Sunnfjord kommune. Sjå oppslag på det enkelte bibliotek for pålogging/passord.