Lesestund

Førde bibliotek har i mange år tilbydd faste lesestunder for aldersgruppene 1-2 år og 3-6 år. Det er utruleg kjekt å formidle til dei aller minste. Vi brukar å ta utgangspunkt i ei eller fleire biletbøker, dramatiserer og viser bilete frå boka. Barna vert på denne måten tidleg introdusert for biblioteket. Vi kan også gje eit tilbod til barn på SFO.

Ynskjer barnehagen din lesebesøk? Ta kontakt på bibliotek@sunnfjord.kommune.no.