Skulebibliotek
Elevane i Sunnfjord kommune er sikra skulebibliotek gjennom forskrift til opplæringslova § 11-2.Skolebibliotek: Skolebiblioteket skal bidra til å utvikle språkferdigheitene, leseferdigheitene og evna til å tenke kritisk hos elevane, og til å jamne ut sosiale forskjellar. Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at elevane har tilgang til eit skolebibliotek eller eit anna bibliotek som er særskilt tilrettelagt for skolen. Biblioteket skal vere tilgjengeleg for elevane i skoletida, slik at biblioteket kan brukast aktivt i opplæringa på skolen.
Sjølv om skulen har ansvar for skulebibliotek, kan folkebiblioteket støtte skulen sitt arbeid med bibliotek og leselyst.
Folkebiblioteka kan:
Supplere boksamlinga til skulen med utlån av bokkasser (til bruk i klasserommet)
Gi råd om praktisk drift, organisering og utstyr
Tipse skulebiblioteka om aktuelle bøker, ressursar eller kurs
Har du ansvar for skulebibliotek eller ønsker å vite meir, ta gjerne kontakt med Bente Elisabeth Lund Hawkes, tlf. 57612764.
Kombinasjonsbibliotek i Sunnfjord kommune
Kombinasjonsbibliotek er folkebibliotek som deler lokale, samling og ressursar med ein skule. I Sunnfjord kommune er det kombinasjonsbibliotek ved Vassenden skule, Skei skule, Sande skule og Naustdal barne- og ungdomsskule.
Felles digital base
Skulane Sunde, Slåtten, Flatene, Halbrend, Førde barneskule og Førde ungdomsskule har felles bibliotekkatalog, der alle bøkene er registrert i ein felles base som blir drifta av Førde bibliotek. Link til bokbasen.
Prosjekt Skulebibliotek for leselyst! (2018-2020)
I 2018 søkte Førde kommune om tilskot til skulebibliotek gjennom ei ny ordning til Utdanningsdirektoratet, og søknaden vart innvilga. Som resultat blei prosjektet Skulebibliotek for leselyst gjennomført i perioden 2018-2020. Ta kontakt for ev. prosjektrapport.
Om du vil vite meir om skulebibliotek, er denne sida vel verdt eit besøk: skolebibliotek.no