Frøbibliotek

Januar og februar er tida for såing innandørs: chili, paprika, løk og busktomat kan du så allereie no, men hugs at dei treng vekstlys. På Førde og Sande bibliotek har vi såkalla Frøbibliotek, der du kan få frø gratis.

Har du frø du ikkje har bruk for? Frøbiblioteket treng påfyll, så kom gjerne og lever kjøpe- og sjølvhausta frø!

Kva er eit frøbibliotek?

Eit frøbibliotek er eit tilbod som er meint å inspirere og gjere det enklare for alle å dyrke sjølv. Du kan hente frø gratis på biblioteka og ev. levere tilbake frø du har sanka sjølv. Du kan også levere inn kjøpefrø som du ikkje har brukt, slik at andre kan få gleda av å så og plante ut blomar eller grønsaker.

Ver obs på at vi ikkje tek imot frø frå Forbudslista.