Biblioteka
Sunnfjord bibliotek har 6 avdelingar. Sjå opningstidene våre. Her er oversikt over tilsette.
Førde bibliotek
Førde bibliotek er hovudbiblioteket i Sunnfjord kommune og held til i kulturhuset, Førdehuset. Vi har mange besøkande dagleg og stor aktivitet heile året. Biblioteket har meiropeløysing. Adresse: Angedalsvegen 5, 6800 Førde.
Sande bibliotek
Sande bibliotek ligg i Sande tenestetorg. Biblioteket er oversiktleg og moderne innreia. Her er koselege sittegrupper, eige ungdomsrom og arbeidsplassar for studiar. Biblioteket er mykje brukt av elevane på Sande skule. Biblioteket har meiropeløysing. Adresse: Sandevegen 155, 6973 Sande
Naustdal bibliotek
Naustdal bibliotek sine lokale ligg midt inne i barne- og ungdomsskulen i Naustdal. Biblioteket har flotte lokale og er ein koseleg møteplass. Vi har eige eventyrrom for lesestunder og formidling til dei minste. Biblioteket har meiropeløysing. Adresse: Berrvellene 16, 6817 Naustdal.
Skei bibliotek
Skei bibliotek held til på Skei skule, i renoverte lokale med friske fargar. Biblioteket er eit kombinert folke- og skulebibliotek. Elevane kan difor bruke biblioteket dagleg. Biblioteket er ope 1 dag i veka for andre som vil besøke biblioteket. Adresse: Jølstravegen 3310, 6843 Skei
Vassenden bibliotek
Biblioteket på Vassenden er lokalisert på Vassenden skule, og er også eit kombinasjonsbibliotek. Det betyr at folkebibliotek og skulebibliotek har felles lokale. Biblioteket vert brukt kvar dag av elevar på skulen. Inngang på baksida av bygget. Adresse: Vassenden skule, Gjesdal 17, 6847 Vassenden
Viksdalen bibliotek
Biblioteket finn du i Bygdetunet i Vikja, midt i Viksdalen sentrum. Det er kort veg til butikk, skule og kyrkje. Biblioteket er ein fin møteplass både for gamle og unge. Elevane på Viksdalen skule er aktive brukarar av biblioteket. Adresse: Bygdetunet i Vikja, 6978 Viksdalen