Lånereglar

Lånerett
Alle har rett til å låne bøker og anna materiale gratis frå biblioteket.

Lånekort
Alle som ønskjer å låne frå biblioteket må ha eit gyldig lånekort. For å få eit nasjonalt lånekort, som kan nyttast i dei fleste norske bibliotek, må lånar oppgje legitimasjon og fødselsnummer/DUF-nummer ved registrering. Barn mellom 0-14 år treng ikkje legitimasjon, men må ha underskrift frå føresette for å få lånekort. Lånarar som ikkje har fødselsnummer/DUF-nummer tilgjengeleg eller som ikkje ønskjer å oppgje det ved registrering, kan få eit lokalt lånekort som er gyldig på alle folkebibliotek i Sunnfjord kommune.

Skular, barnehagar og andre institusjonar som vert registrert på institusjonen sitt namn og ansvarsperson, får òg lokale lånekort.

Lånekort er gratis, men tapte kort må erstattast etter gjeldande satsar. Lånekortet skal alltid takast med ved lån.

Reservering og fjernlån
Lånar kan reservere materiale som er utlånt, og vert då sett på venteliste. Det som ikkje finst i biblioteket si samling, kan som regel bli lånt frå eit anna bibliotek (fjernlån). For slike lån gjeld eigarbiblioteket sine reglar og satsar for erstatning.

Lån i meirope bibliotek
Sande bibliotek er meirope, dette betyr at ein kan nytte biblioteket i ubetjent opningstid. Dette er eit tilbod til alle over 15 år. For å få tilgang til meirope må ein oppgradere lånekortet til eit nøkkelkort, og signere eiga kontrakt som gjeld meirope. Dette gjer ein ved personlig oppmøte på Sande bibliotek i betjent opningstid.

Lånetid
Vanleg utlånstid følgjer av tabellen. Biblioteket kan fastsette ei særskild lånetid for einskilde bøker eller anna materiale.

Bøker og lydbøker: 4 veker
Tidsskrift: 4 veker
Filmar: 1 veke
Konsollspel og musikk (cd): 4 veker
Språkkurs: 8 veker
Ski og anna utstyr: 1 veke
Fjernlån: Eigarbiblioteket sine fristar

Fornying av lån
Materiale som er på venteliste kan ikkje fornyast. Elles gjeld følgjande reglar:

Bøker og lydbøker: Maks. 3 fornyingar – 4 veker per gang
Tidsskrift: 3 fornyingar – 4 veker
Filmar: 3 fornyingar – 1 veke
Konsollspel og musikk (cd): 3 fornyingar – 4 veker
Språkkurs: 3 fornyingar – 4 veker
Fjernlån: Må avklarast med eigarbiblioteket

Ta kontakt på telefon eller e-post, eller logg inn på biblioteket si nettside for å fornye lån. Logg inn med appen «Bibliofil» og forny det lånte materialet Du kan og fornye lån med SMS om du har nasjonalt lånekort. Send en SMS med teksten: bib forny og nummeret frå lånekortet til 2242. Til dømes.: bib forny N009999999.

Ansvar
Lånaren er ansvarleg for materiale lånt på eige lånekort. Føresette er ansvarleg for barn sine lån. Lånaren kan logge inn og finne oversikt over lånt materiale på biblioteket si nettside/app.

Tapt eller skada materiale må erstattast etter gjeldande satsar. For lån av filmar eller dataspel følgjer biblioteket aldersgrensene gjeve på materialet. Lånt materiale er til privat bruk, og bruk/avspeling skjer på eige ansvar. Lånar er sjølv ansvarleg for å melde om tap av lånekort. Endring av adresse, mobilnummer eller e-postadresse må straks meldast inn til biblioteket.

Gebyr
Lånarar som er registrert med e-post eller mobilnummer kan få førehandsvarsel ved forfall av lånetida. Biblioteket sender purremelding til lånaren på lånt materiale etter forfall. Lånar må betale for purring etter gjeldande satsar. Etter to purringar vil det bli sendt ut krav om erstatning. Erstatningskravet vert fjerna ved innlevering av materialet, men gebyra må betalast. Erstatningskravet vert sendt til inkasso dersom lånaren ikkje leverer materialet eller betalar kravet innan fristen.

Tap av lånerett
Ved brot på lånereglane kan biblioteket ta frå lånaren retten til å låne for ein periode.