Om oss
Kommunane Førde, Jølster, Gaular og Naustdal er slått saman til Sunnfjord kommune, og vi har no 6 bibliotek i kommunen. Hovudbiblioteket ligg i Førde, 1 bibliotek i Viksdalen og 4 kombinasjonsbibliotek ligg på Vassenden, Sande, Skei og i Naustdal. Til saman er vi 11 tilsette.
Vi ynskjer å formidle litteratur og leseglede til alle aldersgrupper, vere ein stad for læring og debatt og utvikle oss som ein lavterskel møteplass. Med løysingar som “meirope bibliotek”, samarbeid med lag og organisasjonar og samarbeid på tvers av sektorar, som t.d. skule og helse, vil vi være desentraliserte møteplassar for innbyggjarane i heile kommunen.
Meir informasjon om biblioteka og dei tilsette:
Biblioteka
Tilsette
Lånereglar
Gebyr- og erstatningssatsar