Alt om lån

Alle har rett til å låne bøker og anna materiale gratis frå biblioteket. Dei som ønskjer å låne frå biblioteka våre må ha eit gyldig lånekort. Lånekort er gratis, men tapte kort må erstattast etter gjeldande satsar. Ta alltid med lånekortet når du skal på biblioteket. Du kan også ha lånekortet på ein app på mobilen din, Bibliofil-appen.

Korleis får eg lånekort?

Dei fleste lånarar har i dag eit nasjonalt lånekort. Det vil seie at lånekortet kan brukast på dei fleste norske bibliotek. Du må gje opp legitimasjon og fødselsnummer/DUF-nummer ved registrering. Lånarar som ikkje har fødselsnummer/DUF-nummer tilgjengeleg eller ikkje ynskjer å registrere dette, kan få eit lokalt lånekort som er gyldig på alle folkebibliotek i Sunnfjord kommune. Skular, barnehagar og andre institusjonar får òg lokale lånekort.

Slik gjer du det:

  • Besøk eitt av dei seks biblioteka i Sunnfjord kommune. Du må fylle ut eit skjema med kontaktinformasjon. Ta med legitimasjon. Barn under 15 år må ha løyve frå føresette.
  • Du kan også registrere deg på nettsida til nasjonalbiblioteket: bibliotekkortet.no Dette vert eit digitalt nasjonalt lånekort og du må identifisere deg ved hjelp av ID-Porten (t.d. MinID, BankID).
  • For å få full tilgang til alle tenester ved biblioteka våre må du kontakte oss for å knytte deg opp. Kortet vert brukt på same måte som et fysisk kort.

Lånekort på mobilen

Ved å laste ned appen Bibliofil kan du få lånekortet ditt på mobilen. I tillegg får du tilgang til alle biblioteket sine andre tenester.

Slik gjer du det:

  • Last ned appen Bibliofil, vel “Vestland” og deretter “Sunnfjord bibliotek”. Du finn bibliofil-appen i Google Play eller Apple Store.
  • Logg deg på med lånenummeret ditt som brukarnamn (står under strekkoden på lånekortet) og Pinkode som passord.
  • Du har ikkje PIN? Trykk på “glemt PIN” eller kontakt biblioteket.

Lån i meirope bibliotek

Sande, Naustdal og Førde bibliotek er meirope. Dette betyr at du kan bruke biblioteket i ubetent opningstid. For å låne må du bruke automatar og må ha med det fysiske lånekortet eller bruke bibliofilappen. Meirope bibliotek er eit tilbod til alle over 15 år. For å få tilgang til meirope må du oppgradere lånekortet til eit nøkkelkort, og signere ei kontrakt som gjeld meirope. Dette gjer du ved personlig oppmøte på eitt av bibliotek i betent opningstid.

Lån frå andre bibliotek

Bøker som ingen av biblioteka i Sunnfjord kommune har, kan som regel lånast frå eit anna bibliotek (fjernlån). Vi kan bestille bøker og andre medium frå andre folkebibliotek og universitets- og høgskulebibliotek. For slike lån gjeld eigarbiblioteket sine lånefristar, reglar og satsar for erstatning. Det tek normalt frå eit par dagar til eit par veker før det bestilte materiellet kjem, men det kan også ta lengre tid.

Du kan også bestille bøker sjølv via nettsida til Norgeslån «Biblioteksøk». Du må ha Nasjonalt lånekort og pinkode for å kunne nytte dette tilbodet. Logg inn på Biblioteksøk og vel hentebibliotek. (t.d. Naustdal bibliotek). Du får e-post eller SMS når du kan hente det du har bestilt.

Lånereglar

Lånereglane til Biblioteka i Sunnfjord kommune seier at alle har rett til å låne bøker og anna materiale gratis frå biblioteka. Du må ha eit gyldig lånekort for å låne bøker eller andre media. Vanleg lånetid er 4 veker for bøker, lydbøker, tidsskrift og musikk (CD). For dvd-ar er det 1 veke lånetid. Du må sjølv sørge for å levere innan lånefristen går ut. Dersom du ynskjer å forlenge lånet kan du kontakte oss på e-post eller telefon. Dersom du har bibliofilappen kan du forlenge låna dine sjølv. Dersom vi må purre bøkene får du purregebyr etter gjeldande satsar.