Digitale tenester

Sunnfjord bibliotek tilbyr mange digitale tenester til deg som er lånar; e-bøker, e-lydbøker, film, aviser og tidsskrift. Ta kontakt om du treng hjelp!

Bibliofil-logo

Bibliofil

Med Bibliofil-appen har du lånekortet ditt på mobilen! Du kan søke etter bøker i samlinga vår, reservere og fornye låna dine sjølv. Dessutan har du tilgang til digitale bibliotektenester for utlån av e-bøker, musikk, tidsskrift og film.

BookBites

BookBites

Biblioteka i Sunnfjord kommune brukar appen Bookbites til å låne ut e-bøker og e-lydbøker gratis. Alle kan laste ned appen og opprette ein brukar, men for å låne bøker må du ha lånekort på biblioteket.

Pressreader

Pressreader

Appen Pressreader gjev deg tilgang til over 7000 aviser og tidsskrift, til dømes Aftenposten, Dagbladet, Dagsavisen og Bergens Tidende. Du må innom biblioteket kvar 3. dag for å oppdatere tilgangen.

Filmoteket

Filmoteket

Lånarar som er tilknytt Biblioteka i Sunnfjord kommune kan no enkelt låne film på filmoteket.no. Du kan låne 4 filmar kvar månad og sjå dei i løpet av 48 timar.

Nettbiblioteket

Nettbiblioteket

Gjennom Nasjonalbiblioteket sitt nettbibliotek kan du lese norske, digitaliserte bøker, lese eldre tidsskrift, aviser og sjå digitaliserte bilete.

Det flerspråklige bibliotek

Det flerspråklige bibliotek

Det flerspråklige bibliotek har bøker på mange språk! Biblioteka kan bestille bestemte titlar til deg eller bokpakkar på språk du er interessert i.

Cineast

Cineast

Via nasjonalt lånekort på eitt av Sunnfjordbiblioteka kan du også bruke filmtilbodet Cineast.no. Du kan sjå gode kvalitetsfilmar frå heile verda heime i sofaen din og strøyme den til tv-skjermen.

Flipp

Flipp

Flipp gjev deg fri tilgang til over 90 populære magasin; vekeblad om hage, interiør, bil m.m. Det er også fleire magasin og teikneseriar for barn. Du må innom biblioteket kvar 7. dag for å få ny tilgang.

Filmbib

Filmbib

På Filmbib kan du sjå kortfilmar og dokumentarfilmar av både ny og eldre dato. Det er filmar for både barn og vaksne: animasjonsfilmar, eksperimentelle filmar og humoristiske korte historier.