Lokalhistorie
Alle bibliotek i Sunnfjord kommune har bøker og ulike sogeblad med lokalhistorisk innhald. Førde bibliotek har ei relativt stor samling av lokalhistorisk materiale frå Sogn og Fjordane, både fag- og skjønnlitteratur. (spesielt utgjevingar fram til 2013). Vi har bygdebøker frå alle kommunar i gamlefylket vårt. Biblioteket har også aviser frå Sogn og Fjordane på mikrofilm og innbunde årgangar av Fjordingen, Fjordabladet, Firda Tidende, Firda, Firda folkeblad, Firdaposten, Sogningen, Sogn dagblad og Sogn og Fjordane. Ta kontakt om du vil ha meir informasjon om samlinga vår.
Naustdal bibliotek har også ei litt større samling av lokalhistorisk litteratur. Dei har sogeskrift, bygdebøker og alle årgangar av Årbok for Sogn og Fjordane. Dette er plassert på eit eige rom som er godt tilrettelagt for studiar, om du er historieinteressert. Biblioteket har også ei samling med gamle bilete frå Naustdal. Unike lydopptak og intervju gjort av Ingolv Eimhjellen er digitalisert.
Kvinnelege forfattarar frå Sunnfjord
I denne artikkelen løftar vi fram kvinnelege forfattarar og skribentar frå Sunnfjord og dei omkringliggjande bygdene fram til om lag 1940. Målet er å gje eit oversyn over kven dei var, kva dei skreiv, og kvifor stemmene deira framleis har kulturhistorisk og litterær verdi.
Kvinnelege forfattarar og skribentar frå Sunnfjord – ein gløymd litterær arv
Gotisk skrift
Vi har oppretta ei lesegruppe for gotisk skrift som har møte på Førde bibliotek. Den vert leia av Yngve Nedrebø, statsarkivar i Bergen og fagdirektør for skriftforvaltning i Arkivverket. Gruppa passar for alle som arbeider med lokalhistorie og slektshistorie, og som slit med å lese dokument med gotisk skrift.
