Arrangement og formidling
Sunnfjordbiblioteka har ei lang rekkje med både faste og einskilde arrangement du kan vere med på. Vi driv aktiv formidling av litteratur, både på og utanfor biblioteka og har andre aktivitetar og verkstader som gjer at folk kan møtast. Det kan vere bokprat, debattar, forfattarbesøk, strikkekafé, lesestunder, konsertar m.m.
Strikkekafé
Strikkekafé, eller Strikk og lytt, er eit tilbod som mange tykkjer er kjekt å vere med på. Dette tilbyr vi med faste opplegg både på Vassenden, Naustdal og Førde bibliotek.
Formidling til barn og skuleklasser
Vi har faste lesestunder for dei minste heile året, med høgtlesing, song og andre sprell! Biblioteka tilbyr også bokprat til skuleklassar, foreldremøte og lærarar tilpassa ulike klassetrinn. Sommarles er ein svært populær og motiverande leseaksjon. Det vert arrangert aktivitetsdagar og ulike hobbyverkstadar i biblioteka.
Lesesirkel
Det er mange som er med i ulike lesesirklar rundt om i kommunen. Dei kan få hjelp av biblioteka til å finne lesetips og bestille bøker til deltakarane. Fleire lesesirklar møtest på biblioteka når dei diskuterer bøker og litteratur.
Møteplass Førde bibliotek
Friskliv og Frivilligsenteret og Førde bibliotek inviterer til ein sosial møteplass. Du kan bli litt betre kjent med biblioteket, det vert litt høgtlesing og samtidig kan du få ein kaffikopp og ha ei kjekk stund saman med andre. Dette er for alle, kom som du er!
Dagsturhytter med minibibliotek
Sunnfjord kommune har 4 dagsturhytter; Fjellro i Jølster, Skaraly i Gaular, Gyttakvia i Førde og Steinkorshytta i Naustdal. Hyttene er utstyrte med eit minibibliotek med bøker til å lese i på staden.
Bok på døra
Har du problem med å komme deg til biblioteket sjølv? Med “Bok på døra” kan du få biblioteket rett heim til deg! Tilbodet er eit samarbeid mellom Førde bibliotek og Førde Røde kors besøksteneste.
Datahjelp på Sande bibliotek
Sande bibliotek har eit lågterskeltilbod der du kan få datahjelp på onsdagar i betjent opningstid. Sjå biblioteket sin arrangementskalender for konkrete datoar og meir informasjon
Frøbibliotek
Alle dei 6 biblioteka i Sunnfjord har eit såkalla Frøbibliotek. Dette er eit tilbod som er meint å inspirere og gjere det enklare for alle å dyrke sjølv. Du kan hente eit lite utval av frø gratis på biblioteka og ev. levere tilbake frø du har sanka sjølv.
Samarbeid om arrangement
Mange arrangement på biblioteka skjer i samarbeid med lag og organisasjonar eller institusjonar i vårt nærmiljø. På denne måten får vi til mange spennande aktivitetar som vi kanskje ikkje hadde fått til åleine. Har du ein ide eller forslag til eit arrangement eller aktivitet vi kunne gjort i saman er det berre å ta kontakt med oss!