Vinterlesbingo

Vi held fram med vår Lesebingo for vaksne. Ein uhøgtidleg konkurranse, der du vert utfordra til å lese bøker du kanskje ikkje hadde valt sjølv, til dømes:

Les ei novellesamling?
Les ei bok med handling frå Afrika?
Les ei bok anbefalt av bibliotekaren?

Tek du utfordringa?

Det er 16 ulike ruter. Fyll inn forfattar og tittel når du har lese boka. Du kan berre bruke ei bok ein gong. Du kan fylle ut rader loddrett, vassrett eller diagonalt. Om du er ein superlesar greier du kanskje å fylle ut alle rutene?

Du kan fylle inn bøker du har lese frå 1. januar i år til 31. mars.
Skjema finn du på alle dei 6 biblioteka i Sunnfjord kommune eller skriv ut skjema heime.
Leverer inn skjemaet innan 31. mars og bli med i trekninga av fine premiar!