Leseknappen

På Skei bibliotek har bibliotekar Mari hatt besøk av ein herleg gjeng med 2.-klassingar som fekk informasjon om Leseknappen. Dette er ein leseaksjon kun for dei som går i 2. klasse som skal stimulere elevane til å lese bøker sjølve, og bidra til knekke lesekoden. Elevane fekk med seg kvar sitt lesekort der dei noterer ned bøkene dei har lese. Når dei har lese ti bøker leverer dei skjema på biblioteket og får overrekt leseknappen. Eit kjempekjekt bibliotekbesøk!

Alle skulane i Sunnfjord kommune har fått dette tilbodet. Opplegget er slik at heile klassa kjem til biblioteket saman med lærar. Der får dei ei lita omvisning av bibliotekaren og informasjon og lesetips med tilpassa nivå. Elevane får tilbod om lånekort slik at dei kan låne med seg bøker heim. Etter bibliotekbesøket er det vanlegvis foreldra som følgjer opp lesinga og kjem til biblioteket for å få Leseknappen.

Ulike foto av barn på besøk på Skei bibliotek.