Sande bibliotek – nominert til årets bibliotek i Vestland

[ Bilete til saka er tatt av Sande bibliotek sin “onsdagsgjeng” av faste besøkjarar. Tusen takk! ]

«Sande bibliotek hadde ikkje vore noko utan engasjerte innbyggjarar», seier bibliotekaren Anna Sambor.

For Anna har nøkkelen til suksess vore å samarbeide med ulike lag og organisasjonar, samt å fokusere på barn og ungdom.
Anna er einaste tilsett (60%) på Sande, men får utruleg god hjelp av biblioteksjef Jorun Systad og flinke kollegaer frå Førde bibliotek i Sunnfjord ifm. gjennomføring av arrangement og prosjekt, særleg av formidlar Ingunn Fleten og skulebibliotekansvarleg Bente Lund Hawkes. På Sande har dei eit godt samarbeid med lokale lag og organisasjonar, då dei saman får til så mykje meir!
Anna viser fram nokre eksempel frå i fjor:

  • Samarbeid med Sande Nærmiljøråd: mobilt bibliotek under fjorårets Gaularmarknad og ei fantastisk flott peparkakehusbygd med kåring av vinnar ifm. julemarknaden. I år prøver vi oss på systove i tillegg!
  • Fast samarbeid med dei lokale barnehagane (på Sande og i Bygstad), der eg kjem på besøk til småtassane og les høgt for dei der dei er. Barnehagane får også bokkassar etter behov.
  • Vi er eit kombinasjonsbibliotek, og samarbeidet med skulen går bra. Dei er innom fleire gonger i veka på klassebesøk og lærarane får hjelp ifm. gjennomføring av prosjekt og bokpakkar. I fjor hadde dei blant anna «Ein litterær 71 grader nord» i 5.-7. trinn. Der vart det bokprat med alle trinn, ein litterær rebus og tilpassa bokkassar til alle. Eg har også hatt koselege lesestunder på SFO på skulen.
  • Det har også vore eit godt samarbeid med lokale eldsjelar om arrangement for vaksne: Permakultur-arrangement med Norsk Permakulturforening, lokalhistoriske føredrag med Gaular Sogelag og Fortidsminneforeninga, datakurs med Gaular Pensjonistlag, eit arrangement om bruk av ull frå norske sau med Midtre Sunnfjord Husflidslag og faste strikkemøte i samarbeid med Gaular Frivilligsentral.
  • Det er også viktig for meg å gje innbyggjarane tilgang til litteratur der det ikkje finst eit bibliotek i nærleiken. Eg vart veldig inspirert av Aurland biblioteks bok i butikk i Undredal, og stifta noko liknande på Spar i Bygstad – noko som ser ut til å gå veldig bra! 😊
  • Elles har biblioteket fått godt rykte på seg pga. morosame Sommarles-fester og Halloweenverkstader. Der har engasjerte foreldre vore uvurderlege.
    Biblioteket får skotsmål som «ein vesentleg samarbeidspart framover, dersom vi skal få til ein møteplass for Sande-folket» (sitat frå Nærmiljørådet). Det er ein fast «onsdagsgjeng» som kjem innom når skuletida er over kl. 11. Barna er begeistra for 2 datamaskinar med Roblox, eit eige rom med PS4 og brettspel, rikeleg med fargeleggingsark og ein trygg vaksen som lar seg rive med på mykje rart. Biblioteket er godt brukt av barn og vaksne også i meirope tid.